Photo: Trondheim kunstmuseum

Å gjere det mjukt / To make it soft

Å gjere det mjukt er ei utstilling som leikar med måten å vise fram skulpturar frå samlinga på, i det som frå gammalt av vart kalla Skulptursalen. Namnet har salen fått rett og slett fordi det var her skulpturane i samlinga blei vist. På den tida stod gjerne skulpturane plassert på høge pidestallar, på rekke og rad, helst tett inntil veggane. Mykje har endra seg sidan då. I påvente av den nye samlingsmonteringa som opnar hausten 2023, har museet igjen laga ei skulpturutstilling i denne salen. Denne gong er dei ikkje plassert ståande på pidestallar, men lagt ned på mjuke soklar.

Sokkelen er eit viktig element som regulerer vårt forhold til skulpturen. Reint praktisk skal den ofte fungere som eit vern mot klåfingra publikum. Meir metaforisk er det den som skilje skulpturen si verd frå vår. Skulpturane er bokstaveleg talt urørlege, i deira verd står tida stille.

Sokkelen er også det elementet som utmerkar skulpturen ved å løfte den opp. Desto høgare eller større sokkelen er, desto viktigare er også skulpturen eller det den representere. I utstillinga finn du fleire portrettbyster, både av viktig og kjente personar, men også anonyme skikkelsar og privatpersonar. Men her er det inga forskjellsbehandling. Henrik Ibsen og keisar Augustus er presentert på same måte som ei anonym akt-studie av Astrid Marie Sophie Noack eller av vesle Knut av Tone Thiis Schjetne.

Å ta skulpturane ned frå dei klassiske pidestallane gjer dei liksom meir sårbare. Som om du finn dei i det dei skal til å sovne, eller nettopp har vakna – eit augneblikk som både er privat og intim. Fleire av skulpturane blir oppbevart slik i magasinet. Dei ligg der å ventar på å bli tatt fram og syna til publikum.

Korleis eit museum veljar å presentere og forhalda seg til si eiga samling er aldri nøytralt. Å gjere det mjukt kan sjåast på som ein del av ei pågåande utforsking av nye måtar å vise samlinga på, for å skape nye og meiningsfulle møter mellom gjenstandane, og publikum. Du kan tenke på denne utstillinga som ein slags ganerens om du vil. Eit forsøk på å fristille verka frå kronologi og hierarki. Ved å legge skulpturane ned på ein mjuk sokkel, blir vi kanskje mindre opptatt av kva det skal førestille og blir meir fokusert på objektet; materialet, tyngda og det handverksmessige og kunstariske arbeidet.

Dette er ein invitasjon til deg som ikkje veit noko om kunst, og til deg som veit for mykje, til å erfare skulpturane ikkje berre som bilete, men som gjenstandar med ei vekt og ei overflate, som er blitt gjeve form av kunstnaren. Kanskje kan dette gi rom til nye fortellingar.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to