Ikkje visste eg at tippoldefar var i Amerika

Tippoldemor hadde eg sett, men ikkje tippoldefar. Ja, bilde av ho da, eg er da ikkje så gammal, men tippoldefar......

Tippoldefar var født i 1819. Han gifta seg med Elisabeth Kristensdotter frå Gjerpen. Han heitte Hans Tarkjeldson Dalen og var fødd, oppvaksen og døydde i Seljord. Hans og Lisa fekk fire barn, to guttar og to jenter, begge jentene reiste til Amerika.

Eg er så heldig at det finst bilde av tippoldemor. Av ein eller annan grunn så lura eg veldig på korleis Hans Dalen såg ut, men ingen hadde bilde av han.

Fordi mange i slekta reiste til Amerika, så har eg mange slektningar der. Mange har eg fått kontakt med i seinare år. Ei av dei er JoAnne Barke.

Kort fortalt, ein dag fekk eg ein stor pappask i posten frå Amerika – og der var han, tippoldefar. Der var bilde av Hans og Elisabeth Dalen – i fargar. JoAnne Barke hadde høyrt at det skulle vera besteforeldra til far hennar. Eg var ikkje i tvil, det var dei. Bilda var to metallplater, såkalla ferrotypi.

Desse bilda hadde dottera Gunlaug hatt med seg da ho emigrera til Amerika i 1890.

Det var ikkje rart at eg ikkje hadde sett bilde av tippoldefar, han hadde jo vore i Amerika heilt til nå.

Share to