Røyrbrotet 1980.
Røyrbrotet 1980. AS Tyssefaldene Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Røyrbrot

Vasskraftverket i Tyssedal hadde to røyrbrot i heile si driftstid. Det eine hende i 1916, det andre i 1980. Her kan du lesa historia om dei begge, og sjå bilete som enno ikkje har vore offentlege.

Røyrbrotet i januar 1916

Vatnet sprengde seg opp gjennom betongolvet og vasspruten stod heilt opp til Brettet - instrumenteringsanlegget - i tredje etasje i kraftstasjonen. Derifrå rann det gjennom vindauger og dører, over tak og delvis inn i maskinsalen der turbinane er.

Magnetklapplukene på toppen av røyr 3 og 4 gjekk att og vatnet vart raskt stengt av. Spjeldet datt ned og stengde momentant, for straumingane i vatnet i fordelingsbassenget vart så voldsomme at wiren på heisspjeldet sleit av.

Etter planlagt sikkerheitsprosedyre skulle magnetlukene vore stengt med elektrisitet. Men grunna kortslutning i stasjonen, virka ikkje det elektriske anlegget. Det var derfor eit hell i uhellet at wirane på lukene rauk.

Røyret vart flerra opp ca 4 – 5 meter, som gjorde at det fossa ut store vassmengder under høgt trykk.

Etter kvar som røyret vart tømt for vatn, skulle sikkerheitsventilar ha sørga for at røyra vart fyllte med luft. Men dette fungerte ikkje tilfredstillande i røyr 3 og dermed oppsto det eit så kraftig vakuum, eller undertrykk, at røyret klappa saman frå knekkpunkt 1 til 3. Det kraftige metallet i røyret hadde altså tålt trykket i vatnet innanfrå, medan mangelen på normalt lufttrykk trykte røyret saman då det pluseleg vart tomt.

Dei andre røyrleidningane greidde seg bra.

Inne i anlegget kortslutta magnetiseringssamleskinna av vassmengdane som trengde inn. Magnetiseringsgeneratoren miste spenningen og dei store generatorane vart straumlause. Det var dette som gjorde at det var uråd å få utløyst magnetlukene på Lilletopp, så det var berre flaks at wiren på heisspjeldet sleit. Det redda situasjonen.

Midt oppe i det heile klarte likevel mannskapet å halda straumforsyninga i gang frå andre maskiner i stasjonen. Også karbidfabrikken fekk straum før dei varme massane i smelteovnen stivna, så dei unngjekk driftsstans.

Røyrbrotet i 1916 der røyrledning 3 vart sugd flat. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Skade i betonggolvet og trapp etter røyrbrotet i 1916. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Dødsulukka

Under reparasjonsarbeidet tre dagar etter røyrbrotet oppstod dramatikk. Då maskinist Karl Haldorsen nesten var ferdig med å skru att ein hovudventil for å stoppa magnetiseringsgenerator 2, rauk ventilloket heilt av og vasstråla sto ut frå eit 25 centimeter stort hol i røyret. Dette medførte ei voldsom vassføring og vatnet spruta over samtlege av dei små generatorane og fyllte opp golvet rundt maskinene som var i full drift. Ein fekk situasjonen under kontroll ved å stenga stoppeventilen bak i fordelingsrommet, eller ”røyrkjellaren” .

Maskinist Haldorsen derimot gjekk det gale med. Han blei trefft av den voldsomme vass-stråla og slengt mot ein turbin slik at han fekk brot på hjerneskallen. Dei andre i stasjonen var opptekne med å stenga og visste ikkje dette før dei straks etter gjekk i gang med oppryddingsarbeidet i maskinsalen.

Dei fann då Haldorsen liggjande i vatnet utan pust og dei gjekk i gang med livredding. Doktoren kom frå Odda. Det var litt is på fjorden, så dei måtte beordre den kraftige dampbåten utover. Haldorsen blei frakta til sjukestova i Odda. Men livet sto ikkje til å redda og han døydde etter tre timar på grunn av skadane.

Kva var årsaka?

Den direkta årsaka til røyrbrotet var ei mindre kortslutning i karbidfabrikken i Odda. Hovudbrytaren i karbidfabrikken kobla ut som den skulle, så fabrikken vart ikkje belasta skaden. Når straumleveringa til karbidfabrikken plutseleg vart kutta utan forvarsel, oppsto problemet. Trykket i røyr 4 steig enormt.

Røyret sprang i sveisen på den staden der avgreiningsrøyret til turbin 10 er påsveisa, altså heilt nede i stasjonen. Godset var berre på 7 – 10 millimeter på det 10 centimeter svake punktet.

Røyrbrotet i september 1980

I september 1980 sprakk røyr 3 - det same som vart fornya etter røyrbrotet i 1916 - oppe i fjellsida. Trykket var så stort at det automatiske lukkesystemet ikkje verka. John Tyssedalstveit sprang opp til Lilletopp på sju minutter og fekk med stor innsats stengd ventilen manuelt.

Etter kort tid slo den automatiske stenginga inn, og suget drog lufta ut av lukerommet. John Tyssedalstveit blei slengt rundt i rommet, vindauga knuste. Tyssedalstveit klarde seg, men vakna på sjukehuset timar seinare.

Vatnet hadde då fløymt nedover fjellsida i ein time, med om lag 30 000 liter per sekund.

Fangmuren som vart bygd under krigen leia mykje av vatnet utanom stasjonen og gjorde at skadane var mindre enn frykta. To bilar som var parkerte i nærleiken blei sopte på fjorden, og i stasjonen stansa all verksemd. Vatnet fløymde ut gjennom vindaugo. Skadane var likevel så store at fire av dei fem røyra vart stengde for godt.

Kraftstasjonen Oksla hadde vore ferdigstilt sidan mars 1980, og kunne ta over straumproduksjonen straks etter røyrbrotet.

Ingen personar vart skadde.

Sprengde røyr i kraftstasjonen AS Tyssefaldene Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Opprydding etter røyrbrotet AS Tyssefaldene Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Maskinhallen full av gjørma. AS Tyssefaldene Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Sprengd røyr i røyrgata AS Tyssefaldene Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Order this image

Share to