Share to
Siste vinteren i 2. verdskrigen heldt motstandsrørsla Bjørn West til i dei ville Masfjordfjella.
Maximum attendees
Maks 40 elever (kan tilpasses om flere)
Duration
3 timer inkl. matpause
Time period
Hele året
Cost
Free
Other info
Skuleklassar kan søkja foreningen Bjørn West om støtte til reiseutgifter
Siste vinteren i 2. verdskrigen heldt motstandsrørsla Bjørn West til i dei ville Masfjordfjella. Kvifor var dei her, kva val måtte den einskilde soldat ta, og høyr om dramatiske kampar mot tyske styrkar. Kan kan me læra noko av dette i dag?
Bli kjent med motstandsgruppa Bjørn West i Masfjordfjella. Dei var dei første norske soldatane under direkte kommando frå London, sidan den norske kapitulasjonen 10. juni 1940. Dei 259 soldatane budde i små, dårlege stølshus i snødekt høgfjell. Dei fleste ungdomane kom frå Bergen, Os, Nordhordland og dei næraste bygdene kring Masfjordfjella. Dei var avhengige av å få nesten alle forsyningar frå Shetland, anten med båt eller flydropp. Dei siste trefningane i 2. verdskrig i Europa fann stad her.
Elevane vil få kort innføring i hovudtrekka om 2. verdskrig i Noreg. Hovudvekta vert lagt på å fortelja bakgrunnen for at det vart oppretta ein større norsk militærbase i det okkuperte Noreg, like bak fast stasjonerte tyske soldatar på Matre. Kven var dei norske soldatane, kva bakgrunn hadde dei, kva val måtte dei gjera, kvardagen som «geriljasoldat» - blodslit og kameratskap, svolt og kjærleik. Det vert også lagt vekk på den sivile innsatsen frå bygdefolket som ei føresetnad for at Bjørn West kunne halda seg skjult i fjellet.
Har historia om Bjørn West læra oss noko om utfordringane med krig og fred i 2018? Her prøver me å få elevane til å reflektera over korleis konfliktar vert løyst i dag, både mellommenneskeleg og mellom nasjonar. Kva verdiar kjempa Bjørn West for – og kva kjempa dei imot? Finst denne kampen i vår kvardag og?
Aktuelle mogelege fordjupingstema – valfritt.
- Kvardagsliv i ei okkupert bygd – 3 ½ med tysk vaktstyrke på Matre
- Krigsfangar – 200 russiske krigsfangar på Matre i 3 år
- Kvinner under okkupasjon/krig – Døme frå m.a. Åslaug Matre.
- Born under okkupasjon – 14 år gamle Ella arrestert og isolert på det som i dag er BWM.
Pedagogisk gjennomføring
- Munnleg orientering om Bjørn West i båthuset (10 – 20 min alt etter alder og gruppe)
- Ei kort vandring i nærområdet. Visualisera fangeleir, tysk vaktstasjon, mm
- Film om Bjørn West
- Løyse oppgåver i utstillinga
- Plenumsdiskusjon
- Kva kan Bjørn West historia læra oss
- Dialog versus maktbruk.
- Svart – kvitt, berre god eller berre vond?
- Motstandskamp, demokrati, menneskeverd, menneskerettar
- Kvar byrjar det fyrste kimen til hat? Klasserom? sosiale media? Storting? Det kvite hus?
- Mm
- Pedagogiske leikar/øvingar