History
-
"Hobby" vart bygd i 1934 av Nils Søvik og var utlodningsbåt i båtlaget Ran i 1935. Båten blei vunne av Trygve Osmundsen. I 1937 blei båten kjøpt av Peder E. Pedersen, og har sidan vore eigd av familien. Båten vart fyrst segla med 17 m2 bermudarigg i klasse D, men seinare rigga om til 15 m2 i klasse E. Under konkurransar hadde båten eit mannskap på fire. Båten har ikkje spinnakar, men nyttar eit sinnrikt system for å spila ut fokka. Den høyrde til i båtlaget Ran sitt anlegg i Hjeltefjorden. Konkurransane gjekk stort sett føre seg der, på Hjellestad i Raunefjorden, Milde i Fanafjorden og på Tysnes i Bjørnafjorden. I dei mest aktive sesongane var det seilas nesten kvar helg gjennom sommaren og tidleg haust. Sølv om dei fleste konkurransane gjekk lokalt, hadde båten sitt store år under landsregattaen i Kragerø i 1949. Her blei "Hobby" beste båt, og Kong Haakon stod for premieutdelinga etter konkurransen.
Båten har vore med på mange konkurransar i hardt vær. Den har blitt passa godt på, og er framleis i god stand.Produksjon: 1934
Classification
References
-
- LitteraturreferanseOselvere Tilgjengelig frå snl.no
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHOM08436
- Part of collectionHordamuseet
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionHordamuseet
- Date publishedJanuary 28, 2023
- Date updatedNovember 26, 2023
- DIMU-CODE0210213228790
- UUIDe93bc63e-c5e2-4f81-bbaf-28aedae446c3
- Tags
1 comment
Gisle, August 18, 2023
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».