Share to
×
Nordfjord Folkemuseum er ei avdeling av Musea i Sogn og Fjordane, med friluftsmuseum, innandørs utstillingar og museumsfartøyet Holvikejekta. Museet ligg på Sandane i Gloppen kommune.
Om Nordfjord Folkemuseum
Nordfjord Folkemuseum er ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, og er regionmuseum for Nordfjord. Museet ligg på Sandane i Gloppen kommune.
I samlinga har museet no kring 12 500 registrerte gjenstandar frå Nordfjord. Desse gir eit innsyn i livet til folk frå gamal tid til samtid. Her er det mellom anna tekstilar, fiskeutstyr, reiskap, elektriske artiklar, skulesaker, båtar, husgerråd og innbu.